Anita Vaamartveit Art
På gjensyn
På gjensyn
Pickup available at Øvre Ervik
Usually ready in 5+ days
Svanene gjer noko med oss. Desse majestetiske fuglane som har ein eleganse og måte å bergta oss på.
Som eig rommet - aldri prøver å skjule kor fantastiske dei er eller lar seg pille på nasen.
Då eg dykka ned i kvifor eg valgte å male dette - oppdaga eg det vakre budskapet i å la dei vakre opplevelsene i livet vera som svaner som drar avgårde igjen etter eit flott møte.
Me kan så lett bli fanga i tankar om ting som burde vart lenger, i staden for å berre la møtene vera det vakre dei er. Og i staden for å halde fast i at møtet burde vore lenger - vera takknemlig for denne vidunderlige opplevelsen. Og håpa på et gjensyn. Eller eit like vakkert møte.
Som livet ofte er fyllt med. Men som me kan gå glipp av om me vert sitjande fast i ideane me kan ha om det øyeblikkene som ikkje lenger er. Me sørger over det som var og klarer ikkje sjå det vakre i nuet.
Symbolikken i bileta mine kjem ofte etter at eg har mala dei. Som denne. Eg berre måtte male denne flotte svana - som plutseleg dukka opp ein vinterdag eg tilfeldigvis var nede ved sjøen. Og - hadde fotoapparatet med til å ta mange bilder.
Svaner er blant mine favorittmotiv. Det vert fleire. Dette kan du og få som kortmotiv. Ta kontakt for bestilling om du ikkje finn det på sida her.
Akvarell/akryl på papir Svane 30 x 60 cm 2011
Pris er inkludert 5% kunstavgift og ramme.