Velkommen til mi nye heimeside

Velkommen til mi nye heimeside

Hei på deg!

Velkommen til mi norske heimeside. Den er for tida under oppføring, så er det noko som ikkje funker, blir eg utrulig glad om du gir meg beskjed. Når noko skal lagast, blir det sjeldent perfekt første gang, og det tar litt tid å få det til akkurat slik me vil.

Båten blir til mens du ror heiter ei bok skriven av ein kreativ bonde fra Voss, Geir Styve. Eg elsker den tittelen, fordi livet og alt anna er akkurat slik. Og det hjelper meg alltid å sjå på nye psrosjekt med ein annan følelse, som noko som faktisk er under utvikling, og som me ikkje har sjangs til å få til første dagen. Sjølv om me skulle ønske det. Det hjelper oss og til å være litt meir overbærande med oss sjølv, men og med andre. Når me ikkje kan få det til med ein gong, kan ikkje andre det heller.

Difor - har du eit ønske til meg, skriv til meg. Eller ring. Finn du ikkje fram og blir frustrert, gjer det samme. Slik at eg veit når noko ikkje funker. Og derfor kan forbedre det. Opplevelsen for deg som er her, er det som er viktig. At du skal ha utbytte av det, at det skal glede deg, gje deg noko å tenkje på eller inspirere deg til ein betre dag, sjå lysare på livet, komme i gang med noko - eit eller anna. Og for all del, er noko av det eg deler med deg her, noko som gir deg ein opptur, vær så snill å fortell meg det og. I dagens dataverden, når me ikkje ser kven som er inne og kikker, veit eg jo ikkje kva som funker heller. Ros eller ris tas derfor imot med stor takk!

Biletet under er meint slik, å inspirere til å være oss sjølv, ikkje tru at me må være mindre for å tekkes andre eller egne formeininger om kva som passar seg. Ingen blomar tenkjer vel på at dei ikkje burde vere vakre. Eller akkurat slik dei er. Men janteloven kan av og til spenne litt fot på oss og få oss til å tenke akkurat det. Så om ikkje noko, håpar eg ditt besøk her i dag, hjelper deg å vere meir deg sjølv, tillate deg å skinne og vere akkurat så fantastisk som du er. Spesielt om du har ein av dei dårlegare dagane og ikkje har huska på akkurat det. Eg treng å bli minna på det - og då treng kanskje du det og? Viss ikkje er du av dei heldige!

Eg ønsker deg ein fantastisk dag. Gjer noko kjekt, smil til naboen så blir han glad, lag noko du lenge har hatt lyst til eller set deg med beina på bordet om du er sliten og treng ein lat dag. Livet er kva me gjer det til og det er me sjølve som bestemmer. Lurer på kvifor eg stadig vekk må minne meg sjølv om det, veit du det...?

Klem, Anita

 

Back to blog

Leave a comment

Please note, comments need to be approved before they are published.