Og så strekkje eg ein fot her...

Og så strekkje eg ein fot her...

Og så strekkje me ein fot her...

Forfattar dikt Thea Kloven

Mi gode venninne Thea Kloven er utrulig flink med ord. Eg har lenge tenkt at eg skulle fått satt tekst til bildene mine. Utdanna illustratør, gjer at eg er glad i begge deler. Og plutselig ein dag sendte eg henne dette biletet - og ho sendte meg dette fantastiske diktet i dag formiddag. Det berre må få komme på trykk. I dagens Coronatider treng me noko å le av! 

Denne er for alle oss som elsker måsar:

Flytt deg litt lengre ut Knut
Eg treng plass til å tøya og strekka meg heilt ut
Ha full panorama utsikt og dra inn litt ramsalt friske sjøluft

Eg likar å Svinsa med svansen og sola meg litt i glansen
Å Spankulere og å kverulere
Alle veit jo at da er jo slikt eg lika å gjere

Nokon syns kanskje
eg tar litt for stor plass og skrike for mykje
Grøne av misunnelse
ser de meg stå på ein fot
uten å bruke ei einaste krykke

Eg tar min fulle plass og velge å gi bånn gass
Eg veit at eg er meir enn god nok men tenker at eg vil demonstrera litt kun på trass

Eg akter ikkje å forgå i skyggen eller bære noko styggen på ryggen
Eg vil brusa med fjæra mine
og utnevner meg sjøl til kongen på bryggen

Ein må visst ikkje tru at ein er noko eller finna heilt sin egen plass
Slikt tull må ein berre skylja ned i dass

Da er ein plass for oss alle
me lyt skjøna at me er like gode som alle dei andre
Da er nå opp til oss sjøl om me da skal klare å forandre

Kom igjen Knut - så flyr me ut til fiskebåten
Eg er så svolten at eg er nesten på gråten

Ja nå har du fått hilst på Kong Måsadotten
Evig på lykkejakt etter den perfekte og deilige måskepotten

Thea Kloven - dikt

Ynskjer deg ein fantastisk fin dag og nyt måsen!

klem fra Anita

Ps:  Diktet blir lagt ved for deg som bestiller trykk av dette motivet. 

Back to blog

Leave a comment

Please note, comments need to be approved before they are published.