Morgenstilla

Morgenstilla

Å få oppdrag har alltid vore utrulig inspirerande. Dette motivet er eit av dei kjekkaste eg har mala - det føltes berre magisk.

Men - slike morgoner ER magiske - og difor skaper ofte slike bilder slike følelser i oss, både når me maler dei - og ser dei.

 

Magi er så mangt. Men å stå opp på slike morgoner, før verden liksom har våkna - der sjøen ligg blikk stille, av og til siver disen over sjø og vatn og alt er spegelblankt, vidunderlig og blir med oss lenge.

 

Eg snakka for ikkje lenge sidan med ei eldre, trivelig dame på ein benk i skogen. Ho og mannen kom fra Sarpsborg og hadde først berre tenkt å bli her på Vestlandet nokre få år. Men så blei dei buande.

Men det ho fortalte var at på grunn av at været er så skiftande her vest, er me som har vakse opp her ofte mykje flinkare til å verkeleg verdsette slik magi som desse morgonane er.

 

For - dei kjem ikkje alltid som perler på ei snor. Så me må ofte ta vare på dei, verne om minnet om dei og halde fast på det. For ingen veit når neste magiske morgon blir.

Dei melder kanskje stille, og så står ein opp og skyene kom visst likevel, og stilla uteblei og magien fra gårsdagen må ventast på.

 

Dette gjer at me hugsar så godt dei fine dagane. Og difor er det desse eg maler. Og set pris på å male. Når regnet siler utanfor - kan eg bli verande i magien og la fargane og penslane bringe meg inn i følelsen og bevare den. Lenge.


Eg leste at dei hadde faktisk testa dette. At slike bilete - både av sjø og tre og - kan ha healande effekt på oss. For gode følelser har ofte det. Dei hjelper oss ut av dei mindre gode og når me føler oss betre, har kroppen det betre og.

 

Så gled deg over dei fine dagane. Og for dei mindre fine - Finn bilete av det du er mest glad i. Slik at du har det sjølv om været ikkje er på di side i dag. Og gå ut og nyt det om det ER.

 

Og ein liten Ps til deg som misunner østlendingene været (joda me gjer det innimellom ☺️)

Våren kjem faktisk tidligare her vest. Sa dama fra Sarpsborg. Eg ante ikkje det! Så no kan eg glede meg over at sjølv om  eg ikkje alltid set pris på alt regnet her vest, så kan eg glede meg over våren.

Og slike magiske morgoner som plutselig dukker opp om eg står litt tidleg opp og kjem meg ut.

Eg hadde ein tidligare i vår. Den var like magisk som denne. Og sit i minnet som slike morgonar gjer. 

Motivet er tilgjengelig i nettbutikken som gicleetrykk i str 27 x 37 håndkolorert. Og heiter Morgonstilla i Innværfjorden.

Takk til Janne Stokke som tok fotoet eg mala etter og delte sin med meg. 

Back to blog

Leave a comment

Please note, comments need to be approved before they are published.